Velkommen om bord i 2022

Lørdag 11. desember var siste møte på "Elieser 6" dette semesteret.

Betelskipet lyste opp ved Salhus kai lørdag kveld 11. desember. Besetningen om bord hadde laga det koseleg til, og ein liten flokk samla seg til det siste møtet om bord dette semesteret.

Motorpassar Per Berge leia møtet på sin lune og fine måte. Husmor Camilla Myklebust spelte friskt til fellessongen, og vitna gjennom songane ho framførte solo.
Misjonssekretær i Bjørgvin krets, Thomas Kjær Olsen, spurte i talen sin:
- Blir du redd når du tenker på at Jesus skal koma tilbake? Når eg ser på Jesus, ser eg at eg blir ståande. Kan bl.a. lesa om det i Jes 53,4 ff. Når straffa er lagt på Jesus, kva har du då å frykta? Du er fri i Guds son. Gud finn ingenting å straffa hos den som har bekjent Jesunamnet.

Det var fint og godt å koma om bord der mannskap og talar var med og laga ei avslappande, hyggeleg og god atmosfære. Noko som opna opp for bodskapen gjennom både tale og song.

Adventsmøte som skulle vore arrangert om bord i Bergen by 12. desember, vart avlyst pga. korona-restriksjonane.

Betelskipet "Elieser 6" ligg i opplag frå 13. desember 2021. Første møte på nyåret er 17. januar på Osøyro i Bjørnarfjorden kl. 19.00.

Velkommen om bord også i 2022!

Bilde: MANNSKAPET: Bak t. v.: skipper Svein Sæbjørnsen og maskinpassar Per Berge.
                                          Framme: matros Lasse Hamberg og husmor Camilla Myklebust.
                                          Foto: I. Helland.
Sjå også Facebook

0