06.04.2021 av Ingrid
Til Svolvær på skreifiske
Til vanleg er Per Berge motorpassar på betelskipet «Elieser 6». Men skipet er framleis på verkstad, og Per og dei andre av mannskapet er permitterte.
Berge kjøpte seg derfor ein liten sjark, og reiste til Svolvær på skreifiske. Sjarken fekk han frakta nordover på lastebåt.
Trygg Havn tok kontakt før påske, og Per fortalde at det gjekk dårleg med fangsten.
- Mykje dårleg ver og lite fisk å få. I år er det lite med skrei på innersida av Lofoten, bortsett frå i Henningsværstraumen, seier han.
I påska tok han seg fri og var nokre dagar på Havly Stamsund.
Per Berge er no tilbake i Svolvær. Vil prøva å fylla opp litt meir av kvoten før han vender nasa sørover igjen.
Vi ønsker alt godt for resten av skreifisket og for tida i Svolvær, og ser fram til å sjå både Per og "Elieser 6" igjen når vi kjem litt lengre ut på året.