04.01.2021 av Thomas
Nye avlysninger
2021 startar dessverre med nye koronatiltak frå regjeringa.
Vi ønsker kvar og ein eit velsigna nytt år!
2021 startar dessverre med nye koronatiltak frå regjeringa, som i sin heilheit kan lesast på www.regjeringen.no . Formålet med tiltaka er å bryta ei eventuell ny smittebølge.
Pga. dette, avlyser Den indre Sjømannsmisjon alle møte / samlingar og unødvendige reiser i perioden 4.-18. januar. Avlysinga gjeld også for alle aktivitetar innandørs der barn og unge samlast på tvers av klassar / kohortar.
Under «Talearkiv» her på heimesida er det lagt ut andaktar. Det vil også koma nye i vekene framover. Ta til deg utlegginga av Guds ord her, og anbefal gjerne dette til andre.
Vi minner om dei eller den du kjenner som treng ei oppmuntring i denne tida. Ein prat på telefonen kan vera ekstra kjærkomen.
I ei tid med store utfordringar og med sakn og sorg, er det godt å kunna minna om orda i 1 Pet 5,7: Kast all dykkar uro på han, for han har omsorg for dykk.