MØTE I LANDSSTYRET 30. JANUAR 2021

Det vart gjort vedtak om permitteringar av tilsette, og utsetting av Landsmøtet på ubestemt tid.

Møtet vart gjennomført på video / telefon.
Karsten Gjerde minna oss om Jes 26: 4 i opninga: «Sett deres lit til Herren til alle tider! For i Herren har vi en evig klippe. »

Økonomien i DISM vart diskutert. Det ser ut for å bli eit underskot på ca 4,4 millionar i 2020. Utgiftene er reduserte med over 1 million frå 2019, men inntektene har svikta grunna situasjonen med korona og lite moglegheit for å ha møte. Dette var andre gongs behandling av budsjettet for 2021, og vart vedtatt med eit underskot på 1,5 millionar.
Landsstyret ser det vanskeleg å snu den økonomiske utviklingen til overskot i ei tid med koronarestriksjonar og få møte. Styret vil ha ei tett oppfølging av budsjettet, for å sikre at ein greier dei måla som er sett.

Vidare hadde Landsstyret ein gjennomgang av lønnsregulativet for DISM, og vedtok eit nytt -med små justeringar og forenklingar.
Landsstyret vedtok også å permittere forkynnarane og misjonssekretærane, slik at dei kun har 25% stilling i tida fram til det blir tillate å ha møte for meir enn 10 stk. Dette som en konsekvens av koronarestriksjonane og økonomien. Dei vil bli justerte opp igjen i stilling etter kor mykje møte det er.

Det var også einigheit om å utsette landsmøtet, som skulle vore 17.-20. juni i år.Det er for stor usikkerheit om dette kan gjennomførast, til at styret synest det er forsvarleg å bruke ressursar og tid på planlegging. Styret vil kome tilbake til tidspunktet for gjennomføring når det blir meir normal situasjon i landet vårt.
Neste styremøte blir 20. mars 2021.

Ref: Arne Helleland

0