07.12.2021 av Arne Helleland
Landsstyremøtet i Trondheim 26.-27.11 2021
Landsstyret var samla to dagar til styremøte i Trondheim på Havly i E. C. Dahlsgate 3.
Det vart eit godt møte i ein flott julepynta by i kaldt vinterver.
Generalsekretæren orienterte om arbeidet i kretsane og landsstyret vedtok å utarbeide eit system for å sikre god aktivitet i kretsane. Dette system skal innehalde ei form for mentorordning for nye misjonssekretærar, oppdaterte kontaktlister i kretsane og eit felles system for møteplanlegging med integrasjon av kalendrar mot nettside.
Landsstyret samtalte om Seaman`s Mission-arbeidet og ønskjer å halde fram arbeidet i si noverande form og arbeide for vidare finansiering. Landsstyret tar etablering av Havnemisjonen til orientering og følgjer utviklinga.
Det vart tid til synfaring av Havly Trondheim og gjennomgang av planane for utbygging av eigedommen. Landsstyret ønskte å få utarbeidd ein alternativ plan med kostnad for å brannsikre Havly Trondheim, slik som den er no, før det vert gjort noko vedtak i saka.
Generalsekretæren orienterte om arbeidarmøtet som skal vera på Fjell-ly, Sotra, i byrjinga av januar. Landsstyret var opptatt av at dette skulle vere med å opprette kontakt mellom dei tilsette i misjonen.
Landsstyret bad også landsstyreformann og generalsekretær utarbeide forslag til ny strategiplan for misjonen, som skal sendast ut på høyring til kretsane og avdelingane.
Det vart behandla nokre tilsettingssaker i styremøtet.
Neste landsstyremøte blir etter arbeidarmøtet 6. januar 2022.
Landsstyremøtet vart avslutta med å vere med på julemessa på Havly.
Ref.
Arne Helleland, Generalsekretær