Landsstyremøtet 29.5.21

Her kan du lesa eit kort samandrag frå møtet.

Landsstyret hadde telefon/videomøte laurdag 29. mai, og vedtok der rutinar knytte til varsling i organisasjonen, etter å ha utforma desse no i vår. 

Styret vedtok å reparera taket på fiskarheimen på Røst.  Halvparten av arbeidet skal gå føre seg i august og september og resten neste år.  Norvald Berg, vår nye vedlikehaldsarbeidar, skal leia arbeidet, og styret reknar med at fleire frivillige vil vera med.  Det er utarbeidd eit grovt kostnadsoverslag på ein million, inklusiv lønskostnader.

Landsmøtet er vedteke utsett til sommaren 2022, og administrasjonen blir bedt om å tinga plass og dato.

Generalsekretæren orienterte om at «Elieser 6» no endeleg har fått godkjenning og vil vera klar for segling i andre del av juni.  Landsstyret bad generalsekretær leggja ny seglingsrute, som tar omsyn til koronasituasjonen.

Neste landsstyremøte blir 27. -28. august i Bergen.

Ref. Arne Helleland

Bilde: FISKARHEIMEN HAVLY RØST: Styret vedtok å reparera taket. Foto: Jon Kristian Lomundal.

0