31.08.2021 av Arne Helleland
Landsstyremøtet 27.-28. august
Landsstyret hadde for første gong etter koronapandemien starta, eit fysisk møte over to dagar i Bergen.
Landsstyret vedtok årsmelding og rekneskap for 2020, der koronasituasjonen prega mykje av aktiviteten. Det har vore mykje mindre møte, Seamens Mission har mest ikkje hatt besøk, «Elieser 6» har vore ute av drift frå mars og Sørheim leirstad har mest ikkje hatt leirar for barn og unge. Fiskarheimane har hatt meir normal aktivitet.
Dette har medført eit stort fall i inntekter og resultert i eit underskot på 3,8 millionar, av dette er 1 million ekstraordinær avskriving.
Landsstyret har hatt gjennomgang av alle avdelingar og sett på aktivitet og økonomi. Styret ser at det no er sterkt aukande aktivitet: mykje fleire møte i kretsane, Seamens Mission har opna igjen og Elieser seglar. Det økonomiske resultat ser ut til å bli betydeleg betre enn koronaåret 2020.
Landsstyret gjorde følgande vedtak etter samtalane om arbeidet:
Elieser skal bruke meir tid i nord i år og meir tid i sør neste år. Ny seglingsplan for 2022 blei vedtatt.
Seamens Mission-arbeidet skal vidareførast i den form det har no, og reforhandle leige av lokalar i Bergen.
Stamsund skal vera ein fiskarheim i sesongen og ein misjonsstasjon for lokalbefolkninga, Lofoten og nordområda heile året. Stoppe utleige av hotellrom i andre etasje, fordi kostnadane med brannsikring og oppgradering ikkje står i forhold til behovet.
Neste landsstyremøte 26.-27. november.
Ref.
Arne Helleland - Generalsekretær
Foto: Bygningen i Skuteviken, der DISM leiger lokale til Seaman´s Mission. Foto: Thomas Kjær Olsen.