18.05.2021 av A. Helleland Foto: K. Undal
Klar for segling i juni?
Me ser ein ende på verkstad-tida for «Elieser 6» i Solund.
VERFTET HAR FÅTT alle delane som skal til for å få motor i godkjent stand, og held no på å montere dei.
SLIK SITUASJONEN SER UT, blir det mellomklassing fredag 21. mai og prøvekøyring og godkjenning av den nye motoren 28. mai.
DERETTER skal «Elieser 6» til Bergensområdet for montering av ny serveringsdisk, produsert av Torsvik Snekkeri AS, og så segle til Los Marine på Rubbestadneset for å montere ny nødbrannpumpe.
Når nødbrannpumpa er på plass (reknar med 18. juni), håpar eg «Elieser 6» er klar for segling.
KORONASITUASJONEN vil då vera avgjerande for korleis me kan bruke «Elieser 6» i arbeidet.
SKIPPER PÅ SKIFT 2, Geoff Morgan, har dessverre sagt opp si stilling frå midten av mai og me er no på utkikk etter ny skipper. Sjå Ledig stilling . Ta gjerne med dette i bønn.