Jesus kom til jord

Det er jul, og me skal feira at Jesus kom til jorda.  Til meg kjem spørsmåla; kven er han og kvifor kom han?

Jesus er Guds son - heilag og ein del av Gud.  Han er frå evighet av og var der då jorda blei skapt.  Han var med og laga frelsesplanen for alle menneske før syndefallet.  Han kom til jorda og blei menneske for å utføra planen, slik at alle menneske kan bli frelst.

«Og Ordet vart kjøt og tok bustad hjå oss, og vi såg herlegdomen hans, ein herlegdom lik den ein einboren Son har frå Far sin, full av nåde og sanning.»  Joh 1:14

Han er full av nåde og sanning.  Han er den som kan gjera oss reine og rettferdige.  Han er den som tar vår skuld og straff på seg.  Difor kom han til jorda.

«Han som, då han var i Guds skapnad, ikkje heldt det for eit røva bytte å vera Gud lik, men gav avkall på det og tok ein tenars skapnad på seg, då han kom og vart menneske lik.  Og då han i si ferd var funnen som eit menneske, fornedra han seg sjølv og vart lydig til døden – ja, døden på krossen.»  Fil 2:6-8

Det er dette me feirar, og det er dette som gir oss grunn til å kunna ha håp om eit evig liv i himmelen i lag med Gud.  Difor blir han kalla fredsfyrste.  Har du fått eiga fred med Gud fordi Jesus kom til jorda?

Vil ynskja deg og familien din ei velsigna julefeiring og eit godt nyttår!

Arne Helleland - Generalsekretær


Andakten er også på trykk i juleheftet Fiskerens Venn 2021.

0