Evangelisering i koronatid

Me lever framleis i ei tid som er prega av korona. Statsministeren takka oss på pressekonferansen 18. januar for at me alle er med og gjer dei tiltaka som må til for å halda smitten nede.

Det er framleis slik at me kan møtast 10 stk. på bedehusa. Kanskje kan me samlast i foreiningar, bibelgrupper, bønnemøte eller bibellesing. Samlast små flokkar på bedehusa. Og misjonssekretærane og forkynnarane våre kjem gjerne og besøker dei små flokkane.
Det blir også tatt opp nye talar, som blir lagt ut på heimesida vår. Kanskje nokre skulle samlast for å saman sjå ein slik tale, og slik få eit fellesskap.
Alle må vurdere den lokale smittesituasjon og huske gjeldande smittevernreglar.


Vil også oppmuntre alle med nokre vers frå Matteus 11:28-30:
«Kom til meg, alle som strevar og har tungt å bera, og eg vil gje dykk kvile. Tak mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk av hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar.  For mitt åk er gagnleg, og mi bør er lett.»

 

Ressurs for smittevern, DISM.

0