01.02.2021 av Ingrid
Elieser-kalender 2021
VIL DU HJELPA OSS Å NÅ UT MED ELIESER-KALENDER 2021?
Vi hadde ikkje tenkt å bli sittande inne med eit lager av Elieser-kalenderen, men slik har det blitt i år – av to grunnar:
1. Avlyste eller utsette møte pga. koronarestriksjonane.
2. Elieser ligg på verkstad og er ute av drift.
Derfor stemmer heller ikkje oppsett seglingsplan for februar. Opplysningane i kalenderen kan likevel brukast til å be spesielt for folka på dei plassane som ikkje får besøk av «Elieser 6», men også for vidare seglingsplan utover året.
Kalenderen er meint som oppmuntring til ei aktiv forbøns- og/eller gjevarteneste, og som eit bindeledd mellom «Elieser 6» og folket.
Kjenner du nokon som kan ha glede av kalenderen, - eller kanskje du sjølv?
Kalenderen er gratis.
Ta kontakt med misjonssekretæren i kretsen du bur i, eller med hovudkontoret i Bergen:
DISM hovudkontor: Sentralbord: tlf. 488 54 605, e-post: dism@dism.no
Stavanger krets: Øyvind Gundersen, e-post: oyvind@dism.no
Karmsund krets: Georg Kallevåg, e-post: georg@dism.no
Bjørgvin krets: Thomas Kjær Olsen, e-post: thomas@dism.no
Møre og Romsdal krets: André Sætre, e-post: andre.saetre@dism.no
Namdal og Trøndelag kretser: Terje Treidene, e-post: terje_treider.55@hotmail.com
Nordland krets: Kjell P. Eliassen, e-post: kp-elias@online.no