15.06.2021 av Arne
Bobiltreff Sørheim Leirsted
MØTEHELG OG BOBILTREFF PÅ SØRHEIM LEIRSTED, AVERØY I JULI.
Møte fredag 16. juli kl 19.00.
Tale av generalsekretær Arne Helleland. Song av Siv Mette og Arne Helleland.
Møte laurdag 17. juli kl 19.00.
Tale av Arne Helleland. Song av Siv Mette og Arne.
Misjonssekretær Andrè Sætre tek del.
Formiddagsmøte søndag 18.juli kl 11.00.
Tale av Andrè Sætre. Song av Siv Mette og Arne.
Kretsformann Karsten Gjerde tek del.
Vi fyl smittevernreglane i møtesalen og elles. Toaletta blir opne.
Sosialt samvær ute på campingstolar mellom møta -ta gjerne med campingstol.
Alle er velkomne til møtehelga på Sørheim, også dei som ikkje har bobil sjølvsagt. Men på grunn av smittevernreglar, er det er begrensa kor mange som kan overnatte på leirstaden. Ynskjer du overnatting så spør styrar Mari Seljehaug tlf 411 20398.
Det er bobiloppstilling i Sørheim leirsted sitt område.
På grunn av smittevern blir det ikkje matservering, så kvar må ordne seg sjølv.
Velkomne til samling om Guds Ord på Sørheim leirsted!
-DEN INDRE SJØMANNSMISJON – MØRE OG ROMSDAL KRETS