02.07.2021 av Ingrid Helland
Betelskipet "Elieser 6" er i gang
Første møtetur sidan mars 2020.
- Velkommen i Jesu navn! Det er stort å tenke på at der to eller tre er samlet, der er Jesus midt i mellom ved sitt ord og med sin Ånd.
Slik innleia Svein Ivar Olaussen møtet om bord torsdag 1. juli - før han kom med praktiske opplysningar om å sprita hender og halda meteren. Koronaen er ikkje heilt over, og det skal vera trygt å koma på møte på "Elieser".
Fleire deltok på møtet:
Solfrid Nikolaisen med opningsord frå 2 Tim 1,9.
"Husmor" om bord, Camilla Myklebust, song eigne songar med sterke tekstar. Camilla har fleire av songane sine på YouTube.
Misjonssekretær Thomas Kjær Olsen talte over orda i Kol 1,3-14.
"Elieser 6" har møte på Bildøy (kaien ved bibelskulen) kvar kveld denne veka (veke 26). Møta held fram til og med søndag 4. juli, kl 19.00. Det blir også lagt vekt på det sosiale. Kaffi og twist får praten i gang, og folket blir sittande. Lørdagskvelden er det i tillegg utlodding.
Hjellvik er neste stopp på turen nordover: 5.-7. juli. Også der er møtetida 19.00.
Du kan følga seglingsruta til "Elieser" her.
Velkommen om bord!